Florarevyen 10 år og deLillos-konsert
Følges av 2 medlemmer.
Florarevyen har vore eit av dei viktigaste kulturarrangementa i Florø sidan starten for 10 år sidan. Revyen har eit særs høgt nivå, og 6`aren i Firdaposten no i vinter var fullt fortent! Laurdag 30 mai feirar vi oss sjølve med stort show i Storhallen i Florø. Det blir - Jubileumsrevy med gamle klassikarar, samt nokre nye nummer – og herlege overraskingar! - Konsertar med deLillos, Tina Førde Refsnes og Kurt Arve Washburn - det alltid like populære allsangshowet til Revybandet - matservering Billettar får du hos Posten (via billettservice) og Narvesen (via billettservice)- restbillettar leggast ut ved inngang. Du kan kjøpe følgande billetttypar: - Revyen – kr. 295,- + avg. Startar kl 19.00. Inngang frå kl 18.15 – kom tidleg! - Konsertane – kr 405 + avg. Dørene åpnar kl 21.30 - Full pakke: Både revy og konsert og middag (hjortegryte): kr 890 + avg. Se www.florarevyen.no for meir info om tider. Mer om sonen Florarevyen 10 år og deLillos-konsert er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||